Stikk UT! lanserer stifond

Stikk UT! lanserer no sitt eige stifond som skal gi førstehjelp til Stikk UT!-stiane i fylket. Stifondet er ein del av Stikk UT! sitt bidrag til eit meir berekraftig friluftsliv i regionen vår. 

Innbyggarane i Møre og Romsdal har gjennom Stikk UT! vist at dei er blant dei ivrigaste turgåarane i landet. Vår vakre og lett tilgjengelege natur er for mange førsteval når dei skal velje seg ein fritidsaktivitet. Men terreng og klima med meir nedbør, samt auka ferdsel, gir slitasje på mange av stiane. Gjørmete stiar, våte myrer og vatn som tek nye vegar og skyl vekk grus har nokre stadar ført til stygge sår i naturen og enkelte parti har fått stor slitasje.

Samarbeid med Sparebanken Møre

"Det er med stor glede at vi har fått oppretta eit eige fond der det skal vere lett å søke midlar til små prosjekt der ein raskt kan finne berekraftige løysingar på slike problem", seier Ola Fremo, dagleg leiar i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. Turstifondet er meint som eit supplement til alle dei eksisterande tilskotsordningane som gir støtte til utbetringar av turstiar.   

Det er Stikk UT! sin hovudsponsor Sparebanken Møre som har gjort turstifondet mogleg ved at dei har gitt 500 000 kroner til dette. 
"Gjennom samarbeidet med friluftsråda om Stikk UT! har vi sett mykje verdifull kompetanse som kan bidra til å gjere dette arbeidet endå meir verdifullt. Så no ser vi fram til å samarbeide om å ta vare på stiane", seier banksjef Kolbjørn Heggdal i Sparebanken Møre. 

Vil lette jobben for dei frivillige

Stiane som Stikk UT! brukar er tilrettelagt av frivillige og grunneigarar rundt om i deltakarkommunane. Det er desse som no skal få ein litt enklare jobb med å skaffe midlar til utbetringar av stiane som blir brukt. 

"Dei frivillige gjer en uvurderleg jobb for oss. Utan dei fleire hundre frivillige som skiltar, merker og legg til rette så hadde det ikkje gått an å drive Stikk UT! i så stor skala som vi gjer i dag", seier Anne Berit Støyva Emblem, dagleg leiar i Sunnmøre Friluftsråd.  1. mars opna søknadsportalen og dei to friluftsråda i fylket ser no fram til å jobbe saman med dei frivillige og kommunane med å legge til rette slik at endå fleire kan få oppleve turglede gjennom Stikk UT!. Midlane skal bli brukt på utbetring og vedlikehald av dei mest slitte stiane som har vore, eller er tenkt brukt som Stikk UT!-turmål. 

Meir informasjon om stifondet og søknadsprosessen

Du kan lese meir om fondet og korleis du kan søkje om midllar på Stikk Ut! si heimeside.