Sommarjobbar 2023

Aukra kommune har fleire sommarjobbar ledig.

Sommarjobb for ungdom

For deg som er busett i Aukra og går i 10. klasse no. Vi har sommarjobb ledig i fleire einingar som til dømes barnehagane og skolane. Søknadsfrist er 30. mai 2023.

Les meir og søk om sommarjobb for ungdom.

Sommarvikarar tekniske tenester

Eining for tekniske tenester har ledige sommarjobbar for vekene 25-32. Søkjarane må ha fylt 16 år. Det er òg ønskeleg med søkjarar som har fylt 18 år og har førarkort. Søknadsfrist er 22. mai 2023.

Les meir og søk om sommarjobb i eining for tekniske tenester.

Tilkallingsvikarar og ferievikarar til Aukra omsorgssenter

Omsorgssenteret søkjer etter vikarar som kan jobbe både dag, kveld, natt og helg. Søknadsfrist er 31. mai 2023. Det vil bli krevd politiattest ved tilsetting.

Les meir og søk om jobb som tilkallingsvikar eller ferievikar på Aukra omsorgssenter.

Tilkallingsvikarar og ferievikarar til Bergtun bufellesskap og avlastningstenesta

Bergtun bufellesskap og avlastningstenesta søkjer etter vikarar som kan jobbe både dag, kveld, natt og helg. Søknadsfrist er 31. mai 2023. Det vil bli krevd politiattest ved tilsetting.

Les meir og søk om jobb som tilkallingsvikar eller ferievikar på Bergtun bufellesskap eller i avlastningstenesta.