Sommarkafé på Aukra kulturhus
- 21. juni til 2. august
- Måndag til laurdag kl. 11-15
- Vipps og kontant
Sommarutstilling på Liljå
- Sommarutstilling med lokale utstillarar: Mona Husøy, May Kristin Dale Stavik, Maria Christiane Frøysa Tangen, Mary Ann Hammerø, Preben Magnus Dale og Renee Christine Kårstein
- Noko av kunsten vert kun utstilt og noko vert til sals
- I Liljå på kulturhuset
- 1. juli - 20. august i biblioteket sine opningstider
Aktivitetar for 5.-7. klasse på Aukra kulturhus
- 21. juni til 2. august
- Onsdag og fredag kl. 11-14
- Ulike aktivitetar som nintendo switch, bordtennis, biljard mm.
- Sal av pølse med brød
Open kveld sommar
Open kveld er eit rusfritt gratis tilbod for ungdom frå 8. klasse og opptil 17 år. Dette er ein møtestad for ungdom, der du blant anna kan spele ulike spel eller berre "henge" saman med venner.
- Fredagar kl. 19 til kl. 22.30, utenom veke 29-31
- Du får gratis skyss til ferja kl. 22.30 og kl. 23
Løvikremma kystgard
- Sesongopning 23. juni kl. 12-18 med sal av rømmegraut
- 28. juni til 6. juni: Ope laurdagar og søndagar kl. 12-16
- 7. juli til 27. juli: Ope kvar dag kl. 12-16
- Sal av kaffi, vaflar og svele. På laurdagar er det også sal av rømmegraut.
Løvikremma er frå ca. 1860 og er ein typisk kystgard, der næringsvegande har vore jordbruk og fiske. I sommarsesongen er frivillige frå Aukra vertskap og tek i mot dei besøkande.
Følg Løvikremma på Facebook for å få informasjon om arrangement.
Besøk heimesida til Løvikremma kystgard.
Svømmebasseng
Sommaropningstider 23. juni - 17. august 2025
Biblioteket og Sommarles
Biblioteket har vanlege opningstider i sommar, men held stengt nokre dagar.
Torsdagar i tidsrommet 3. juli til og med 14. august:
- Torsdag 3. juli
- Torsdag 10. juli
- Torsdag 17. juli
- Torsdag 24. juli
- Torsdag 31. juli
- Torsdag 7. august
- Torsdag 14. august
og desse dagane:
- Laurdag 19. juli
- Fredag 25. juli
- Laurdag 26. juli
- Laurdag 9. august
Sommarles 1. juni - 31. august
Sommarles er i gong. Frå 1. juni til 31. august kan alle 1. - 7. klassingar i Aukra vere med på lesekampanjen saman med barn frå heile Noreg. Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år.
Målet med kampanjen er å motivere barn til å lese så mykje som mogleg i løpet av ein lang sommarferie. Barna kan registrere bøkene dei har lese og samle poeng på Sommarles si heimeside. All lesing tel, anten barnet les sjølv, blir lest for eller høyrer på lydbok. Etter kvart får dei både digitale trofé og små premiar som dei kan hente på biblioteket. Dei kan òg følgje med i årets Sommarles-forteljing Gåterullmysteriene, som er skrive av Mari Moen Holsve, og få poeng for å løyse oppgåver som er knytta til forteljinga.
Om nokon har spørsmål om registrering er det berre å kontakte biblioteket.
Tur, friluftsliv, badeplassar
Du finn ei oversikt over turmoglegeheiter, friluftsliv og badeplassar på vår heimeside.
Finn turinspirasjon på StikkUT si heimeside.
BUA Aukra - Utlånssentralen
På BUA kan du låne fritidsutstyr gratis. Sjå BUA si side for meir informasjon og tilgjengeleg utstyr.
Du finn BUA i 2. etasje på Aukra kulturhus, ved kulturadministrasjonen.
- Open tysdag og torsdag kl. 15.00-17.00
- I tidsrommet 3. juli til 14. august open tysdag 8.00-17.00 og torsdag kl. 8.00-15.30 eller etter avtale
- Du kan ta kontakt med kulturadministrasjonen på telefon 909 86 251 eller reservere utstyr på BUA si nettside