Søk midlar frå Småtiltakspotten til GassROR IKS

GassROR IKS set av 3 mill. kroner til aktivitet og utviklingstiltak for lag, foreiningar og organisasjonar i 2023. 

Første av tre søknadsrundar har søknadsfrist innan 1. februar kl. 12.00.

Denne årlege potten til mindre tiltak er tenkt til lag, foreiningar o.l. Det vil bli vektlagt eigeninnsats som dugnad og andre bidragsytarar.

Kva meines med Småtiltak?

Med «mindre tiltak» meinast tiltak der det kan søkjast om stønad på inntil 50.000 kroner, der støttesummen kan utgjere maksimalt 50 prosent av totalt budsjett.

For prosjekt på inntil 3 år kan det søkjast om stønad på inntil 150.000 kroner, der støttesumen kan utgjere maksimalt 50 prosent av totalt budsjett.

Kven er målgruppa for Småtiltakspotten?

Målgruppa er lag, foreiningar og organisasjonar i Molderegionen (Aukra, Hustadvika, Molde, Rauma og Vestnes). Det blir ikkje gitt stønad til bedrifter eller privatpersonar, ei heller til ordinær drift av lag og foreiningar.

Aukar frå 2 til 3 søknadsrundar

Styret i GassROR IKS har ønskt å auke frå to til tre søknadsrundar. Dette for å gi fleire moglegheiter til å søkje midlar.

I fjor blei det også sett av 3 mill. kroner til Småtiltakspotten. Og etter to rundar, der det blei gitte tilsegn om stønad for 1,34 mill. kroner, så var det altså ein rest på 1,66 mill. kroner. I år er det derfor eit mål for GassROR IKS sitt styre å yte tilsegn for heile potten på 3 mill. kroner.

Tre søknadsfristar

I år er det tre søknadsfristar:

  • 1. februar (innan kl. 12.00) blir - behandla innan utgangen av februar.
  • 1. april (innan kl. 12.00) blir - behandla innan utgangen av april.
  • 1. september (innan kl. 12.00) blir - behandla innan utgangen av september.

Slik søkjer du

Elektronisk søknad finn du på nettsiden til GassROR IKS.


Alle søknader skal innehalde:

  • Namn (på ansvarleg kontaktperson)
  • Lag/foreining o.l. (namn, ev. org. nummer, adresse, e-post og telefonnummer for kontakt).
  • Kort omtale av tiltaket.
  • Tid for planlagd oppstart og avslutta tiltak.
  • Budsjett med kostnader og inntekter.
  • Evt. tilleggsopplysingar (f.eks. tilrådingsbrev, samarbeidspartnarar o.l.).

Les meir om Småtiltakspotten på nettsidene til GassROR IKS.

Kontaktinformasjon Småtiltakspotten

Arnt Sommerlund, dagleg leiar GassROR IKS