Skjøtselsprosjekt Aukraskogen startar i veke 44

Aukra kommune skal starte med skjøtsel av Aukraskogen. Arbeidet vil gå føre seg i perioden mellom veke 44 i 2023 og veke 16 i 2024.

Skjøtsel av Aukraskogen

Aukra kommune har erverva Aukraskogen for å bevare eit viktig friluftsområde og kulturmiljø. Målet er å få ein skog med større del av furu og lauvtrær. Prosjektet no er det første av fleire hogst- og skjøtseltiltak over ein lengre periode og er fordelt på desse to område:

I området mellom Skogvegen og Aukra ferjekai vert alt av hogstmoden granskog hogd. All lauvskog som har ein viss storleik skal stå igjen. Området mellom Skogvegen og Aukra ferjekai er markert rødt på kartet.

Området frå bustadfeltet ved Skogvegen vest mot gapahuken i skogen skal berre bli tynnt. I hovudsak skal invasive artar som sitka-gran, bergfuru og liknande bli tatt ut. Furu, lerk og bjørk skal stå igjen. Området frå bustadfeltet ved Skogvegen vest mot gapahuken i skogen er markert gult på kartet.

Kartet viser området for hogst og tynning i Aukraskogen. - Klikk for stort bilete

Oppgradering av Skogvegen

Som ein del av prosjektet vil Skogvegen bli oppgradert til å tole transport med tømmerbil. Det vil difor bli ein del anleggsaktivitet her, og vi oppmodar publikum om å ikkje bevege seg i den delen av Skogvegen som er under oppgradering. Dette gjeld delen av Skogvegen etter byggefeltet, markert med rødt på kartet nedanfor. Det vil bli sett opp skilt med informasjon langs stiane. Øvrige stiar vil periodevis vere stengt. Varsel om dette blir også sett opp langs stiane, når dette er aktuelt. 

Arbeidet med oppgradering av Skogvegen startar i veke 44.

Andre stiar i skogen vil bli haldne opne for publikum og det vil bli stort fokus på at alle framleis kan nytte Aukraskogen som rekreasjonsområde også i anleggsperioden. 

Området i Aukra skogen som vert heilt eller delvis avstengt under anleggsperioden - Klikk for stort bilete

Kontakt ved feire spørsmål

Har du fleire spørsmål, kan du ta kontakt med prosjetkleiar Torstein Engstad.