Resultat frå TV-aksjon 2023

På søndag 22. oktober var bøsseberarane på tur i kommunen vår. Fekk du ikkje gjeve? Du kan framleis gje eit bidrag til årets TV-aksjon.

Bøsseberarane har vore på tur på både Orta, Gossen og i Julsundet. Det vart samla inn 112 035 kr i bøssene på aksjonsdagen. Til saman er det samla inn 241 503 kr i Aukra kommune per 23. oktober. Det er det beste resultatet for kommunen vår dei siste ti år.

Sjå resultatet for Aukra

Du kan fortsatt gje

Du kan gje eit bidrag til TV-aksjonen ut året - på tre forskjellege måtar:

  • Vipps til 2133
  • Send SMS med kodeord TVA til 2133 (300 kr)
  • Overføre til TV-aksjonskonto 8380 08 09005

Takk til alle

Aukra kommune ønskjer å takke alle som har gjeve eit bidrag til årets aksjon - og ikkje minst bøsseberarane som har gått frå dør til dør i kommunen vår.