Råd om fugleinfluensa

Det er eit stort utbrot av fugleinfluensa i Noreg, men det er berre enkelttilfelle som er påvist i regionen vår. Risikoen for smitte til menneske er svært lågt, og skjer berre dersom du har fysisk kontakt med fuglar.

Slik unngår du smitte

  • Ikkje ta på døde fuglar. Om du må fjerne fuglar; bruk smittevernutstyr med hanskar og maske. Vask hendene etterpå med såpe og vatn. 
  • Hald kjæledyr unna fuglane.
  • Om du utviklar influensaliknande plagar etter kontakt med død eller sjuk fugl, kontakt lege.

Dersom eg finn døde fuglar

  • Varsle Mattilsynet dersom du oppdagar døde fuglar eller mistenkjer fugleinfluensa hos fuglar eller andre dyr. Her varslar du til Mattilsynet om døde eller sjuke fuglar.
  • Det er ikkje ei eiga innsamlingsordning for døde fuglar her i regionen. Du sørgjer sjølv for å kvitte deg med død fugl som du finn på eigen eigedom. 
  • Ikkje kast død fugl i restavfall eller i matavfallet! Du kan kvitte deg med død fugl på to måtar:
    • Grave den ned. Grav den såg djupt at den ikkje kan gravast opp igjen av rovdyr. Det er også viktig å unngå myrområde og nærleik til bekker. 
    • Levere den til RIR i Årødalen. Kontakt kundeservice før du kjem. 
  • Det er viktig at du bruker eingongshanskar og munnbind når du kvittar deg med fuglen, og at du vaskar hendene godt med såpe og vatn etterpå. Utstyr og posar som har vore i kontakt med fuglen skal kastast i restavfallet etter bruk. 

Spørsmål om fugleinfluensa?

På Mattilsynet si nettside finn du meir informasjon om fugleinfluensa.