Oppdatert - Endring i jordmortilbodet

Avtalen om jordmortilbod mellom Aukra og Molde kommunar er satt på pause frå 1. februar til 31. august 2023. Frå og med 1. mars får Aukra kommune ein vikar i ca. 20%-stilling som vil tilby konsultasjonar både på Gossen og i Julsundet.

Oppdatert informasjon

Aukra kommune har fått ein vikar i ca. 20%-stilling. Det er jordmor Ingeborg Drejer Thomassen som vil vikariere og hun startar onsdag 1. mars 2023. Ho vil tilby konsultasjonar både på Gossen og i Julsundet.

Korleis bestiller eg time?

Ta kontakt med helsestasjonen for å bestille time.

Avtale med Molde kommune satt på pause ut august

Aukra kommune kjøper jordmortenesta frå Molde kommune. Dei har for tida svært redusert kapasitet og kan ikkje tilby oss tenesta ei stund framover. Avtalen vert difor satt på pause frå 1. februar 2023 og ut august.

Artikkelen vart publisert for først gong 30. januar 2023.