Oppdatering om busettingssituasjonen frå eining for innvandring og integrering

Hittil i år er 92 flyktningar busett eller skal busettast innan kort tid. Dei aller fleste er frå Ukraina, men kommunen har også busett/skal busette flyktningar frå Syria, Afghanistan og Kongo. Vedtaket for 2022 er på 120 flyktningar.

Kva er status - ei lita oppdatering

Dei aller fleste finn seg godt til rette i kommunen. Barna med flyktningbakgrunn kjem raskt i gang i barnehage og skole, og dei vaksne i introduksjonsprogrammet. Eit svært godt samarbeid med dei andre einingane i kommunen har ført til effektive og gode busettingar. Takka vere at private utleigarar har stilt bustadar til disposisjon og vist stor velvilje, har det vore kort ventetid på busetting i kommunen.

Per i dag er det tre klassar i vaksenopplæringa og tre innføringsklassar i grunnskolen. Mest sannsynleg må det opprettast ein klasse til, både i vaksenopplæringa og innføringstilbodet, i løpet av hausten. Vi har derfor søkt etter fleire lærarar.

For å få integrert så mange flyktningar, er ein heilt avhengig av eit godt samarbeid med lokalt næringsliv. Eininga er derfor svært takksam for at næringslivet i kommunen er så positive til å ta imot flyktningar i praksis. I integreringsarbeid er også samarbeid med frivillige organisasjonar avgjerande, og eininga er glad for at det er gode og etablerte samarbeidsavtalar med frivilligheita.

Kva treng vi av bustader og utstyr?

Aukra kommune er ikkje heilt i mål med busettingane enda, så om nokon har ledige bustadar, er det berre å ta kontakt. Vi tek også imot brukte møblar, kjøkkenutstyr, leikar og så vidare.

Det er travle dagar i eininga vår no, men vi gjer vårt aller beste for at flyktningane som blir busett skal bli godt mottatt og få ein god start i kommunen vår.

Dette er familien Chernenko som kom til kommunen torsdag 29. september 2022. Dei vart invitert på frukost i eininga før dei drog vidare til sin nye bustad.