Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Omkopling av vatn grunna bytte av driftskontrollsystem ved Tverrlia vassverk

I samband med bytte av driftskontrollsystem ved Tverrlia vassverk vil produksjonen ved vassverket verte stansa i veke 10 og 11 (6. til 17. mars).

Alt vatn vert levert frå Hustadvika kommune desse vekene, primært frå Eide vassverk (Trolldalsvatnet) og sekundært frå Hustadvika (Herskarsvatnet). I veke 10 vil anlegget vere hydraulisk fråkopla og heilt ute av stand til å produsere, og  i veke 11 vil det vere prøvedrift av ny prosess. Vi har i denne perioden nok vatn til normalt forbruk for våre abonnentar, men vi oppfordrar likevel til eit nøkternt vassforbruk.

Grunna endring av vass-strengen ute på nettet kan de førekome misfarging av vatnet. Enkelte abonnentar kan også oppleve redusert vasstrykk.