Nasjonal test av naudvarsel 14. juni 2023

Onsdag 14. juni klokka 12 vil politiet teste naudvarsel på mobil. Sivilforsvaret vil samstundes teste sine varslingsanlegg i ei felles nasjonal varslingsprøve.

Når skjer det?

Mobile einingar som er knytt til 4G eller 5G og befinn seg i Noreg vil motta naudvarsel kring kl. 12 onsdag 14. juni 2023.

Kva skjer?

  • Varslingsprøva vil spille av eit høgt lydsignal og vibrere.
  • Sivilforsvaret vil utføre halvårstest av tyfonar (lokale sirener) i same tidsrom over heile landet.
  • Dersom du ikkje ønskjer å bli forstyrra av varslingsprøva kan du sette din mobile eining i flymodus eller skru ho heilt av. Lydlaus, låg lyd, dempa varsling og liknande vert overstyrt.

Du kan lese meir om varslingsprøva på regjeringa si heimeside.

På nodvarsel.no finn du også meir informasjon om varslingsprøva.

Om meldinga som vert sendt ut

Bilete nedanfor viser meldinga som vert sendt ut. Teksten på meldinga er:

Akutt fare. 2023-6-14 12:00. TEST. Dette er en TEST av Nødvarsel, myndighetenes nye varslingssystem ved alvorlige situasjoner.

Et reelt varsel vil gi deg informasjon om hva som skjer og hva du bør gjøre for å beskytte deg.

I dag tester politiet Nødvarsel. Du trenger ikke å gjøre noe.

Les mer på nodvarsel.no

Melding som vert sendt til mobiltelefonane ved nasjonal test av Naudvarsel - Klikk for stort bilete Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap