Markering av frivilligåret laurdag 10. september

Markering av frivilligåret laurdag 10. september

2022 er frivilligåret og Aukra vil markere dette med ein stor vaffelfest. Alle er varmt velkommen, og spesielt velkommen til alle som er med i frivillig arbeid!

Dato, tid og stad

  • Dato: Laurdag 10. september 2022
  • Tid: kl. 12.00-16.00, ope basseng kl. 10.00-16.00
  • Stad: Aukra kulturhus

Program

Vi har leid inn vaffelekspressen og vil med dette på symbolsk vis gje ein vaffel tilbake til alle frivillige som står på tidleg og seint! Det vil bli servering av vaflar, kaffi og saft mellom 12.00 og 16.00.

Programdelen starter kl. 12.00

  • Opning ved kommunedirektør og ordførar
  • Kulturelle innslag
  • Helsing frå frivilligsentralen

Andre aktivitetar

  • Besøk av lokale bedrifter/næringsliv:
  1. Sparebanken Møre
  2. Sparbank 1 SMN
  3. PompDeLux
  4. DNT Romsdal
  5. Brunes Foto
  • Sporløype
  • Servering av vaflar frå vaffelekspressen
  • Ope kulturhus

Ope gratis basseng

Ope gratis basseng sponsa av Sparebanken Møre frå kl. 10.00 – 16.00. Det er maks 75 personar i gongen og maks 1 time per person.