Lengre behandlingstid for søknadar om pleie- og omsorgstenester grunna innføring av Helseplattformen

Grunna innføring av Helseplattformen vil pleie- og omsorgstenesta ha noko redusert kapasitet i ein periode framover. Det vil ikkje gå utover tenestetilbodet, men det vert noko lengre behandlingstid for søknadar.

All drift vil gå som normalt - det er dei administrative oppgåver eininga har redusert kapasitet på.

Aukra kommune skal kople seg på Helseplattformen fredag 3. november 2023.