Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Kompensasjonsordning til lokale verksemder 2022


Har bedrifta di hatt tap av eller reduserte inntekter som følgje av koronapandemien? No kan du søke kompensasjon innan 1. mai 2022.

Formålet med den kommunale kompensasjonsordninga er å setje kommunane betre i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Løyving av stønad skjer i tråd med Kommunalt- og distriktsdepartementet sin rettleiar (tidl. Kommunalt og moderniseringsdept.) til den notifiserte ordninga – oppdaterte 17.12.2021.

Kven kan søkje:

Berre verksemder innanfor kommunen sine grenser og med adresse i kommunen kan motta stønad. Verksemda kan berre motta stønad for den økonomiske aktiviteten som finn stad innanfor kommunen.

Verksemder i desse bransjane vil bli prioriterte:

  1. NACE-bransje 56 Drift av restaurantar og kafear og NACE-bransje 55 Drift av hotell, pensjonat og motell
  2. Andre lokale serviceverksemder og arrangementsverksemder som kan dokumentere tap/auka kostnader som i følgje av dei nye smittevernsrestriksjonane innført etter 12. mars 2020, og som ikkje har fått annan kompensasjonsstønad tidlegare.

Andre retningslinjer:

  • Små og mellomstore bedrifter, også enkeltmannsføretak kan søkje.
  • Lag og foreiningar kjem ikkje under denne ordninga.

Søknadsfrist:

1. mai 2022.

Her kan du søke:

Les meir om kriteriane og søk om stønad på Regionalforvaltning.no.