Kommunestyre- og fylkestingval 2023 - Frist for partia for å bestille manntal og stemmesetlar

Frist for partia for å bestille eit gratis eksemplar av manntalet og stemmesetlar er satt til 14. april 2023.

Bestilling av manntalet

Alle som stiller liste ved valet, har rett på eit gratis eksemplar av manntalet. Det er eit krav, at manntalet vert bestilt innan fristen som valstyret fastset. Valstyret har i sitt møte 27. mars 2023 vedtatt at denne fristen er 14. april 2023.

Partia kan også be om oppgåver over bestemte grupper veljarar, som til dømes førstegongsveljarar.

Korleis bestille manntalet?

Partia kan bestille manntalet ved å sende ein e-post til post@aukra.kommune.no.

Bestill manntal per e-post

Når er manntalet tilgjengeleg?

Skjæringsdatoen for årets manntal er 30. juni 2023. Det endelege manntalet vil vere klar til utskrift frå ca. midten av juli 2023.

Særutskrift frå møte i valstyret

Du kan lese saksframlegg og vedtak i særutskrifta frå møtet.

Særutskrift for sak PS-11/23

Bestilling av stemmesetlar

Tillitsvalde for listene kan bestille stemmesetlar. Partia må betale stemmesetlane. Det er eit krav, at stemmesetlane vert bestilt innan fristen som valstyret fastset. Valstyret har i sitt møte 27. mars 2023 vedtatt at denne fristen er 14. april 2023.

Korleis bestille stemmesetlar?

Partia kan bestille stemmesetlar ved å sende ein e-post til post@aukra.kommune.no.

Bestill stemmesetlar per e-post

Kva kostar det?

Rettleiande pris er 0,39 kr per stemmesetel.

Særutskrift frå møte i valstyret

Du kan lese saksframlegg og vedtak i særutskrifta frå møtet.

Særutskrift for sak PS-11/23