Kommunane i Romsdal innfører Helseplattformen som planlagtKommunane i Romsdal jobbar vidare med innføring av Helseplattformen, med planlagt oppstartsdato 4. november 2023. Dette gjeld alle kommunar i Romsdal; Rauma, Vestnes, Aukra, Hustadvika og Molde. - Vi forheld oss til gjeldande planar og førebur oss grundig for å innføre Helseplattformen, opplyser regional innføringsleiar for Romsdal, Gøril Groven. I samarbeid med dei kommunale innføringsleiarane skal hun jobbe for ein best mogleg prosess på vegen mot eit heilt nytt pasientsystem i kommunane. Så langt har sju kommunar i Trøndelag teke i bruk Helseplattformen. Innføring i dei seks kommunane som kopla seg på samtidig som St. Olavs hospital har gått etter plan, og dei melder at løysinga fungerer godt. Ytterlegare tolv kommunar planlegg å innføre Helseplattformen i 2023, inkludert kommunane i Romsdal. Utsatt oppstart for sjukehusa St. Olavs Hospital i Trondheim var det første sjukehuset som innførte Helseplattformen. Her har det vært samansatte utfordringar og det er nødvendig å bruke tid på feilrettingar. Styret i Helse Midt-Noreg har difor vald å utsette utrullinga for helseforetakene i Nord Trøndelag og Møre og Romsdal. Helseplattformen orienterer Helseplattformen skal bidra til auka informasjonsflyt mellom dei ulike helsetenestene og pasienten, samt auke pasientsikkerheita. Viseadministrerande direktør Christer Mjåset i Helseplattformen heldt ei orientering til Molde formannskap tirsdag 10. januar 2023 klokken 13. Sjå orienteringa på Molde sin kommune-TV Publisert 09.01.2023 15.36 Sist endra 12.01.2023 15.18