Kantslått langs kommunale vegar

Når utfører vi kantslått og kvifor gjer vi det? I denne artikkelen finn du informasjon om kantslått i Aukra kommune. Du finn også kontaktinformasjon dersom du lurer på noko.

Når utfører vi kantslått?

Kantslått er eit naudsynt tiltak som vi utfører ein gong for året, med oppstart i månadsskifte juni/juli og ferdigstilling i månadsskifte juli/august.

Kvifor utfører vi kanstlått?

Kantslåtten er naudsynt av tre grunnar:

  • Det er eit trafikktryggingstiltak.
  • Det hindrar spreiing av uønska artar.
  • Det forlenger levetida for vegdekket.

Høg vegetasjon langs vegen kan skjule ungar og dyr og kan dermed føre til trafikkfarlege situasjonar for både menneske og dyr. I tillegg forlenger kantslåtten levetida for vegdekket. Slåtten held vegkantar og grøfter opne slik at vatn samlar seg der og ikkje i vegbanen.

Sist men ikkje minst er kantslått med å hindre spreiing av uønska artar som trivst godt i vegkantar og grøfter. Desse artane tek etterkvart over for blomar og annan vegetasjon vi ønskjer oss langs vegane våre. 

Reduksjon frå to til ein gong for året grunna miljøet

Aukra kommune har redusert kantslåtten frå to til ein gong for året grunna blomstring og insekt som lever av blomane. Vi prøver å gjennomføre kantslått slik at blomane får blomstre ut juni og at det er moglegheit for at det kan blomstre opp att noko i juli og august.

Breidde på kantslåtten er avhengig av vegklasse og fartsgrense.

Vi ber publikum ta omsyn til kantslåttmaskinene og rydde unna hinder om mogleg.

Har du spørsmål?

Vi ber publikum å stile alle spørsmål, klager og henvendingar til kommunen og ikkje til entreprenørane som utfører kantslåtten.

Kontakt

Torstein Andreas Engstad
Prosjektleiar
E-post
Mobil 48 88 41 77
Sondre Sporsheim Kårstein
E-post
Mobil 48 13 72 04
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30