Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Kan du tenke deg å bli helsefagarbeidar?

Då er du invitert til ein rekrutteringsdag for helsefagarbeidarar, Kick-off helsedag 12. januar 2023.

Hustadvika, Aukra og Molde kommunar inviterer saman med Romsdal opplæringskontor, Møre og Romsdal fylkeskommune og NAV til ein rekrutteringsdag for helsefagarbeidarar, Kick-off helsefag. 

Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som er nysgjerrig på jobb som helsefagarbeidar. Kanskje du allereie har noko erfaring og ønskjer å formalisere kompetansen, eller har du allereie bestemt deg for å bli helsefagarbeidar? Målet med dagen er å få til eit opplæringsløp som resulterer i fagbrev. Kvart løp vil i utgangspunktet vere individuelt og byggje på den einskilde sin kompetanse og tidlegare erfaringar.  

Opplysningar om tidspunkt for rekrutteringsdagen

  • Dato: 12.01.2023.
  • Tidspunkt: Arrangementet startar klokka 12.00, med registrering frå klokka 11.30. Arrangementet vert avslutta klokka 14.30.
  • Kvar: Rådhussalen i Molde.

Målsetjinga med rekrutteringsdagen

Målsetjinga med dagen er å vise fram ulike sider av yrket og starte ein prosess der vi finn din veg mot eit fagbrev, dersom du ønskjer det.

Kva skjer etter rekrutteringsdagen?

Dette gjeld dei som ønskjer å bli med vidare:

  • Intervju med arbeidsgivarar (her har du moglegheit til å setje opp ønske).
  • Moglegheit til å prøve ut yrket.
  • Individuelle løp; for eksempel kan kartlegging, søknad til skule, oppstart <UKJENT:lærlingeløp> og økonomiplanlegging vere noko av det som skjer.

Påmelding til rekrutteringsdagen

Du kan melde deg på rekrutteringsdagen ved å trykke på denne lenka (til nav.no)

NAV handterer påmeldinga og du vil derfor kome til NAV si nettside når du melder deg på, uavhengig om du er i kontakt med oss eller ikkje.

Håpar vi ser deg på kick-off.

 

Helsing
Romsdal opplæringskontor og NAV ved: 

Anita Uhlen


Liv Randi Schønning