Interkommunal sjøarealplan for Aukra og Hustadvika kommunar - Innspel til arealbruk

Utvida høyringsfrist til 5. september 2022.

Om planarbeidet

Interkommunal sjøarealplan for Aukra og Hustadvika kommunar er ein kommunedelplan for sjøområda i kommunane. Planprogrammet vart godkjent i begge kommunestyra på deira respektive møte den 19. mai 2022. Planarbeidet har no kome over i innspelsfase.

Kommunane ønskjer innspel

Vi ønsker innspel om

  • ny arealbruk i sjø
  • endra/utvida bruk av tidlegare bruksløyve
  • forslag til fleirbruksområde
  • avgrensa fleirbruk eller einebruk som til dømes friluftsføremål eller fiske

Korleis sender eg innspelet mitt?

Du kan levere ditt innspel ved å følgje lenka nedanfor. Når du opnar lenka, blir du sendt vidare til kartportalen som sjøarealplanen har etablert i samarbeid med Norconsult AS. Her kan du plassere innspelet ditt i kartet og gi ein skriftleg kommentar. Ved bruk av kartportalen blir arbeidet vårt med å handtere meldingane enklare. Innspel sendt gjennom kartportalen blir liggande opne for innsyn fram til innspelsperioden er over.

Send oss ditt innspel

Frist for innspel

Frist for å sende innspel er satt til 05. september 2022.

 

Publisert første gong28. juni 2022 kl. 14:54

Republisert: 27.07.2022