Innbyggjarvarsling med SMS

Aukra kommune har system for å varsle innbyggjarane i eit geografisk område om ei viktig hending. Varslinga skjer via SMS og er eit adressebasert varslingssystem. 

Når blir varslingssystemet brukt?

Aukra kommune informerer innbyggjarane sine digitalt via SMS ved viktige hendingar der dette er føremålstenleg. Det kan vere når vasstilførsla må stengjast, stengde vegar, generelle servicemeldingar og andre forhold som krev rask informasjon. 

Varslingssystemet er integrert med eit kartsystem som gjer at kommunen raskt kan varsle eit enkelt hus eller alle som bur i eit geografisk område. 

Kommunen brukar varslingssystemet EverBridge Suite.

Varsel til mobil og fasttelefon

Varslinga skjer via SMS til mobiltelefonar og talemelding til fasttelefonar. Registeret fangar ikkje opp personar med skjult/hemmeleg nummer.

Har du skjult/hemmeleg telefonnummer?

Har du skjult/hemmeleg nummer og ønskjer varsling, kan du trygt registrere deg i registeret. Her kan du registrere ditt hemmelege telefonnummer.

Kven går varselet ut til?

Varselet blir sendt ut til den som er folkeregistrert som busett i kommunen og i det aktuelle området som varselet skal gå ut til. Du kan også registrere at du  kan få varsel på anna adresse enn folkeregistrert adresse, dvs. fritidsbustad, pårørande som vil ha varsel for ein annan eigendom med meir.

Dataregisteret som vert brukt er ei samanstilling av informasjon frå:

  • Folkeregisteret
  • Nummeropplysning frå alle teleoperatørane
  • Matrikkelen

Våre innbyggarar under 16 år ligg ikkje i registeret og mottek heller ikkje varsel.

Korleis kan eg sjekke om eg får varsel?

Sjekk din oppføring her

Det er både privatpersonar og bedrifter som kan sjekke sin oppføring.

  • Tast inn Aukra kommune og ditt telefonnummer.
  • Hak av for "Jeg er ikke en robot" og trykk på Send PIN-kode.
  • Du vil motta ein PIN-kode via SMS som du må bruke for å logge inn.
  • Du kan no sjekke og oppdatere dine opplysningar, dersom det er nødvendig.

Her kan du også registrere deg på ei adresse du ikkje er folkeregistrert på som til dømes fritidseigedom, studenbustad eller liknande. Dersom telefonen din er registrert på arbeidsgivar, må du sjølv legge inn denne.

Har du spørsmål om SMS-varsel?

Ta kontakt med Torstein Engstad

Ta kontakt med Sondre Kårstein

Kontakt

Sondre Sporsheim Kårstein
E-post
Mobil 48 13 72 04
Torstein Andreas Engstad
Prosjektleiar
E-post
Mobil 48 88 41 77

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30