Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Informasjonsmøte og idédugnad i samband med busetting av flyktningar frå Ukraina

Om møtet

Det er no vedteke at Aukra kommune skal ta imot 120 flyktningar i 2022. Det er inkludert dei 22 kommunen allereie hadde vedtak om å busette.

Dette vil bli ei stor oppgåve for Aukra kommune, men vi føler oss sikre på at det er ei oppgåve kommunen vil meistre. Ikkje minst på grunn av det store engasjementet vi har opplevd i lokalmiljøet den siste tida. For å sikre at flyktningane skal bli tatt imot på best mogleg måte, og kjenne at dei høyrer til i kommunen vår, vil vi trenge hjelp av frivillige organisasjonar, bedrifter og privatpersonar.

Aukra kommune ved Eining for innvandring og integrering inviterer difor til informasjonsmøte/idédugnad.

Dato, tid og stad

  • Dato: Tysdag 29. mars 2022
  • Tid: Kl. 18.00
  • Stad: Aukra vaksenopplæring (tidlegare Riksfjord skole)

Påmelding

Eininga treng å ha oversikt over kor mange som kjem. Det er først og fremst for å ha store nok lokale. Det skal vere gruppearbeid, så vi må ha lokale som eignar seg. Vi ønskjer difor at du melder deg på via lenka nedanfor.

Meld deg på

Frist for påmelding

  • Tysdag 29. mars 2022, kl. 12.00