Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Informasjon om det nye biblioteket

Biblioteket opnar for publikum laurdag 3. september.

Biblioteket har fått ei flott plassering i det nye kulturhuset! Det er lett tilgjengeleg frå foajeen og store vindauge sørgjer for mykje lys. I biblioteket blir det plass for alle, både for dei som vil treffe folk og for dei som vil ha ro.

Det blir også lagt godt til rette for arrangement, mellom anna med ei lita scene. Her kan det bli mange gode kulturopplevingar.

Aukra får eit moderne og tidsriktig bibliotek der alle frå dei minste til dei eldste skal føle seg heime. Dei tilsette gler seg stort til å ønske alle velkommen til nytt bibliotek.

Opningstidene på biblioteket blir slik:

  • Måndag, onsdag, fredag 09.00 - 15.30
  • Tysdag, torsdag 14.00 - 19.00
  • Laurdag 10.00 - 14.00


I tillegg til dette vil biblioteket ha ei ubetjent opningstid, «Meirope bibliotek». Det vil seie at du kan logge deg inn med lånekortet ditt og bruke biblioteket også når dei tilsette ikkje er der. Denne løysinga blir ikkje klar til den offisielle opninga, men kjem på plass i løpet av hausten.

Om opningsdagen

  • Biblioteket opnar for publikum laurdag 3. september.
  • På opningsdagen blir det barneteater med Teater Grimsborken på bibliotekscena, alle er hjarteleg velkomne.
  • Og tysdag 6. september blir det foredrag med «Psykolog med sovepose».