Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Informasjon frå møte og idédugnad i samband med busetting av flyktningar frå Ukraina

Den 29. mars hadde Aukra kommune ved eining for innvandring og integrering informasjonsmøte og idédugnad i samband med at kommunen skal busette 120 flyktningar i 2022. Dette er ei stor oppgåve for kommunen, og for å lukkast er vi heilt avhengig av hjelp frå frivillige lag og organisasjonar, bedrifter og privatpersonar. Det var derfor svært gledeleg å sjå at det møtte opp personar som representerte alle dei ulike gruppene.

Om møtet

Ordførar Odd Jørgen Nilssen opna møtet og fortalte litt om prosessen rundt at kommunen vart spurt om å ta imot eit så stort tal flyktningar. Han signaliserte at dette er ei oppgåve vi skal greie saman. Ordføraren var også spent på denne kvelden og kva for nye idéar dei frammøtte ville kome fram til med tanke på å inkludere alle som no kjem til kommunen vår.

Einingsleiar Aud Lisbeth Lillebostad hadde ein presentasjon om korleis flyktningsituasjonen i kommunen er akkurat no, litt informasjon om kva vi veit så langt med tanke på kven som kjem, og kva eininga gjer for å førebu seg på å busette dei som kjem til Aukra.

Sjå presentasjonen (PDF, 904 kB)

Gruppearbeid/idémyldring

Etter presentasjonen var det gruppearbeid rundt borda. Dei 33 frammøtte viste eit stort engasjement og kom med mange gode forslag til kva vi kan gjere for å ta imot flyktningane på ein best mogleg måte. Det er ingen tvil om at det i Aukra kommune finns både hjarterom, husrom, omsorg og velvilje, og eining for innvandring og integrering er både rørt og takksame over at så mange ønsker å bidra i denne ekstraordinære situasjonen. Vi kjenner oss sikre på at dei som kjem til Aukra kommune vil bli tatt godt imot og vil møte innbyggjarar som vil ønske dei hjarteleg velkomne.

Her er nokre av forslaga som kom fram

  • Opprette eit kontorfellesskap for dei flyktningane som framleis er i arbeid i heimlandet og som no arbeider frå heimekontor
  • Venskapsfamiliar. Kople flyktningfamilier med lokale familier med barn i same alder
  • Foreldremøte. Arrangere treff for å bli kjent. (Ei oppgåve for FAU?)
  • Vere ein god nabo og kople på personar i nabolaget
  • Involvere velforeiningane
  • Følgjeteneste til aktivitetar
  • Turgrupper

Dette er berre nokre av forslaga. Eininga treng meir tid til å gjennomgå og sortere det som kom inn. Men vi har fått med oss at ordførar og kommunedirektør vil invitere alle nye flyktningar til kaffi, kake, bollar og brus på kommunehuset.