Informasjon frå legekontoret - Nye fastlegar frå 1. juli 2023

Lege Bjørn Otterlei har sin siste arbeidsdag hos oss 30. juni 2023. Helfo vil fordele pasientane hans på to lister frå og med 1. juli 2023.

Nye fastlegar frå juli - pasientlista vert delt i to

Bjørn Otterlei sluttar i stillinga si 1. juli og har siste arbeidsdag 30. juni 2023.

Frå og med 1. juli 2023 vil pasientlista til Otterlei bli delt på to like delar mellom legane Ingvild Klokseth Nerbø og Ida Foyn Gundersen.

Det er Helfo som er ansvarleg for pasientfordelinga og ikkje noko legekontoret eller fastlegane kan påverke.
Alle pasientane vil framleis kunne kontakte kontoret på same måte som i dag.

Bytte fastlege?

Du kan sjølv bytte fastlege ved å logge deg på helsenorge.no. Les meir om korleis du kan bytte på helsenorge sine heimesider.