Helseplattformen

Aukra kommune har kopla seg på Helseplattformen 3. november 2023.

Kva er Helseplattformen?

Helseplattformen er ein ny, felles pasientjournal for heile helsetenesta i Midt-Noreg. I dag ligg dine helseopplysningar i fleire ulike datasystem som ikkje snakkar med kvarandre. Som pasient må du gjenta di historie for kvar gong du møter ein ny person i tenesta. Med helseplattformen vil du no få ein journal som skal følge deg i alle slags møte med helsetenesta. At helsepersonell har tilgang til rett informasjon til rett tid, samla på ein plattform, vil óg auke di pasientsikkerheit.

Helseplattformen har laga ei side, der du kan få meir informasjon.

Spørsmål og svar om Helseplattformen

Sjukehusa i Møre og Romsdal vil ta i bruk Helseplattformen våren 2024. St. Olavs hospital i Trondheim har teke i bruk Helseplattformen november 2022. 

Korleis kan eg få tak i min pasientjournal?

Med Helseplattformen kjem også HelsaMi. Det er innbyggjaren sin digitale inngang til helse- og omsorgstenester. Du kan bruke HelsaMi som en app eller som nettside, på PC-en eller på mobil/nettbrett. Her kan du blant anna:

  • sjå dine helseopplysningar
  • sjekke legemidlar
  • bestille time
  • kome i kontakt med helsepersonell

Er det trygt?

HelsaMi er like sikkert som nettbanken. Du logger deg inn med BankID, Buypass eller Commfides. Alle har sikkerheitsnivå 4 som er det høgaste sikkerheistnivået.

Sjekk ut nettsida HelsaMi

Helseplattformen i Aukra kommune

Aukra kommune har saman med dei andre Romsdalskommunane Vestnes, Rauma, Molde og Hustadvika tatt i bruk Helseplattformen 3. november 2023. Helse Midt-Noreg koplar seg på våren 2024.

Meir informasjon

Du kan lese meir om temaet på Helseplattformen si heimeside.

Gå til Helseplattformen si heimeside

Kvifor Helseplattformen? - Sjå infofilm

Kontakt

Helseplattformen
John Helge Frøystad
E-post
Mobil 92 42 36 68