Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Gratis kurs om psykisk og fysisk helse

NAV, frisklivssentralen og psykisk helse- og rustenesta i Aukra kommune ønskjer å starte opp med ei kursrekke som tar opp tema som er sentrale og grunnleggjande innan god psykisk og fysisk helse.

Om kursrekka

Undervisninga passar for alle som vil lære meir om temaet, for deg som kanskje har det vanskelig sjølv eller kjenner nokon som har det vanskeleg. Dette er tema som kan vere viktige for alle. Du kan kome på dei dagane og den undervisninga du sjølv ønskjer.

Påmelding

Kursrekka krev ikkje påmelding.

Koster det noko?

Kursrekka er gratis.

Dato, tid og stad

  • Dato: Kursrekka startar opp måndag 7. februar. For alle datoar, sjå oversikt lengre ned i artikkelen.
  • Tid: Kl. 13.30-14.30
  • Stad: Aukra frivilligsentral

Oversikt over datoar og tema

Kontakt

Har du fleire spørsmål, kan du ta kontakt med Anne Solbu.

Ta kontakt med Anne