Gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar

Oppdatert 21. august 2023: Tilbodet er no avslutta.

Rådgivinga skal bidra til at bustadeigarar bruker energi meir effektivt og klimavenleg, og i større grad bruker lokale fornybare energikjelder som til dømes solenergi. I tillegg skal bustadeigarar få gode råd om ladeløysingar for elbil og støtteordningar.

– Tilbodet er ein del av arbeidet til kommunen med klima og energi. Vi skal bidra til kunnskapsbygging og legge til rette for at innbyggarar skal kunne ta klimavenlege val, seier miljørådgjevar Ragnhild Småsund i Aukra kommune.

Tilbodet omfattar

•    Energianalyse av bustaden din på nett. Søk opp bustaden din på energiportalen.no.
•    Digital synfaring med energirådgivar. Registrer deg for rådgivingstime.

Gratis og uforpliktande klima- og energirådgiving

Aukra kommune gjennomfører frå 4. oktober 2022 ein klima- og energirådgivingskampanje retta mot hushaldningar. Hensikta er å motivere bustadeigarar til å redusere energibruken i eigen bustad og ta klimavenlege val. Kampanjen er nettbasert gjennom bruk av energiportalen.no og inneheld tilbod om digital synfaring med ein objektiv energirådgivar. Du kan mellom anna få råd om:

•    Elbillading
•    Etterisolering av veggar og tak
•    Byting av vindauge og dører
•    Installering av varmepumpe eller solceller
•    Smart styring
•    Alternative energikjelder
•    Støtteordningar frå Enova

Energianalyse på nett

Verktøyet Energiportalen gjer det mogleg med objektiv nettbasert energianalyse av bustaden din. Gå til aukra.energiportalen.no og søk opp bustaden din. Du får rettleiing til korleis du må bruke portalen.

Synfaring med energirådgivar

Du kan avtale ei synfaring med ein energirådgivar, som kan hjelpe deg med smarte klima- og energiløysingar tilpassa bustaden og økonomien din. Dette er eit avgrensa tilbod.

Gå til kalenderen for å finne ledige tider

Kampanjen er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og vert levert i samarbeid med kommunane i fylket. Tenestene og rådgivinga er levert av Simenergi AS og EEFFY AS.

Kontaktperson i Aukra kommune

Miljørådgjevar Ragnhild Småsund