Om foreldrekurset
COS-P er utforma for å gi barnet ditt ei sunn, normal utvikling. Kurset er for alle føresette. Programmet er basert på over 50 års forsking på kva som gjev barn ei trygg tilknyting til sine næraste omsorgspersonar. Sirkelen hjelper oss å forstå barnets behov, og kva for støtte og hjelp dei treng.
Tryggleik er viktig for at barn skal trivast og utvikle seg. Men korleis vert tryggleik utvikla? Korleis påverkar barnet meg, og eg barnet? Korleis kan eg bli meir bevisst i foreldrerolla mi, forstå kva behov barnet signaliserer, og møte det på ein god måte slik at barnet får ei trygg tilknyting. Målet er at barna skal få hjelp til å kjenne seg trygge, få betre sjølvkjensle og betre psykisk helse. På den måten kan dei stå sterkare rusta til å møte utfordringane i liva sine.
Kursdatoar og stad våren 2025
Kurset går over seks onsdagar kl. 14.00 - 15.30:
- 26. februar
- 5. mars
- 12. mars
- 19. mars
- 26. mars
- 2. april
Stad: Mevoldtunet
Kva kostar kurset?
Kurset er gratis.
Påmelding kurs 2025
Alle med barn på Gossen barne- og ungdomsskole eller Julsundet skole kan melde seg på, men vi har eit maks tal på 16 plassar i gruppa. For å få fullt utbytte av kurset forpliktar du deg til å møte opp på alle seks samlingane.
Vi ønskjer at alle omsorgspersonar deltek. Vi veit at det kan vere vanskeleg å overføre kunnskapen til ein annan som ikkje deltar. Mange opplever også at det har positive effektar på parforholdet å delta saman. Ikkje nøl med å melde deg på, dette vil garantert komme til god nytte! Vi gler oss til å møte deg. Den innsatsen du legg inn no, kan gjere foreldrelivet enklare.
Du melder deg på ved å sende ein e-post til helsesjukepleiar Tonje Vikhagen. Det er bindande påmelding.
Påmeldingsfrist: 12. februar 2025
Meld deg på foreldrekurs
Kurshaldarar

Malene Bækø Hansen er helsesjukepleiar og jobbar i skolehelsetenesta på Gossen barne- og ungdomsskole. Ho har vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge frå Høgskolen i Molde, og er sertifisert kursleiar i tryggleikssirkelen COS-P.

Tonje Vikhagen er helsesjukepleiar og jobbar i skolehelsetenesta på Julsundet skole. Ho har vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge frå Høgskolen i Molde, og er sertifisert kursleiar i tryggleikssirkelen COS-P. Våren 2025 fullfører ho vidareutdanning i kognitiv atferdsterapi for barn og unge.

Marie Midtsund er psykologispesialist og jobbar i Aukra kommune og som sjølvstendig terapeut. Marie jobber også for Tilknytningspsykologene som forvalter COS-P i Skandinavia. Ho har brei erfaring fra psykisk helsevern og forebyggjande arbeid med barn og unge.
Har du spørsmål om kurset?
Ta kontakt med helsesjukepleiar Malene Bækø Hansen
Ta kontakt med helsesjukepleiar Tonje Vikhagen
Ta kontakt med psykolog Marie Midtsund
Erfaringar frå tidlegare kurs
Her er nokre sitata frå foreldre som har vært på kurs tidlegare:
«Eg har alltid steila når nokon har ville prakka på meg eit kurs, men dette har vore ekstremt bra for papparolla mi. Eg ser også at eg og partnaren min samhandlar på ein heilt anna måte enn før med denne felles forståinga!» Pappa, 37 år
«Følelser er ikkje lenger like farleg for meg, og eg har lært nye måtar å møte dei på!» Mamma, 28 år
«Folk går på valpekurs, så kvifor ikkje foreldrekurs?» Barnehageleiar
«Dette burde vore obligatorisk i foreldrerolla.» Pappa, 32 år
«Skulle ønske nokon tilbaud meg dette før.» Mamma, 35 år
«Dette burde foreldra mine også tatt då eg var barn!» Mamma, 46 år
Meir om Trygghetssirkelen
Her er to korte videoar som du kan sjå for å få litt innblikk i kva COS-P er:
Verdens vanskeligste oppgave
Circle of security animation - engelsk video på Youtube