Foreldrekurs på Barnebo barnehage vinteren 2023 - Trygghetssirkelen

Kurstilbodet for foreldre i Circle of Security (COS-P) startar opp igjen januar 2023. Kurset går i regi av Barnebo barnehage.

Om kurset

  • Kurset er gruppebasert og går over åtte gonger. Kvar kurskveld vil vare i ca. 1,5-2 timar.
  • Alle kan melde seg på - barnehage ønskjer at begge foreldre deltek, men dersom det ikkje er mogleg, kan ein av foreldre melde seg på.
  • For å få fullt utbytte av kurset forpliktar du deg til å møte opp alle åtte kveldane. Ved sjukdom eller anna fråvær vert det ein kort gjennomgang i forkant av kurskvelden veka etter, då bolkane byggjer på kvarandre.

 

Kva kostar kurset?

Kurset er gratis. 

Kursdatoar vinteren 2023

Kurset går over åtte måndagar mellom kl. 18.00 - 20.00 slik: 

  • 9. januar 
  • 16. januar
  • 23. januar
  • 30. januar
  • 6. februar
  • 13. februar
  • 20. februar*
  • 27. februar
  • (6. mars)*

*20. februar er det vinterferie. Dersom nokon er bortreist då, vil vi hoppe over den måndagen og ta den igjen 6. mars.

Kurstad

Kurset vert halde i salen på Aukratun.

Påmelding kurs vinteren 2023

Vi har eit maks tal på deltakarar i gruppa. Alle kan melde seg på. Vi ønskjer at begge foreldre deltek, men er dette ikkje mogleg kan ein av forledra melde seg på. I påmeldinga skriv du namnet til den/dei som skal delta. Det er bindande påmelding. 

Påmeldingsfrist var torsdag 15. desember 2022, men det er framleis mogleg å melde seg på.

Meld deg på kurset

Har du spørsmål?

Har du spørsmål om kurset, kan du ta kontakt med assietrande styrar for Barnebo barnehage Hanne M. S. Skarshaug eller pedagogisk leiar Heidi M. Ilestad.

Ta kontakt med Hanne

Ta kontakt med Heidi

Erfaringar frå 2021-kurset

Meir om Trygghetssirkelen