Foreldrekurs hausten 2023 - Trygghetssirkelen

Kurstilbodet for foreldre i Circle of Security (COS-P) startar opp igjen hausten 2023. Kurset går i regi av barnehagen.

Trygghetssirkelen/Circle of security-parenting (COS-P)

COS-P er basert på mange tiår med forskning på kva som gir barn ei trygg tilknytning til sine næraste omsorgspersonar. Kurset kan hjelpe foreldre med å bli meir trygg i forståinga av barns kjensler, åtferd og behov, og hjelpe foreldre å forstå meir om korleis samspelet med barna vert betre.

Trygt tilknytta barn har det betre! Trygge barn vert trygge og ansvarlege vaksne!

Om kurset

  • Kurset er gruppebasert, går over åtte gonger og har oppstart haust og vår.
  • Haustkurset går i regi av barnehagen. Alle kan melde seg på.
  • Vårkurset går i regi av helsestasjonen. Meir informasjon om vårkurset kjem.
  • Målet er at barna skal få hjelp til å kjenne seg trygge, få betre sjølvkjensle og og betre psykisk helse. På den måten kan dei stå sterkare rusta til å møte utfordringane i liva sine.
  • Kurskveldane byggjer på kvarandre.

Kva kostar kurset?

Kurset er gratis. 

Kurshaldar

  • Barnehagane i Aukra (haustkurs).
  • Helsestasjonen (vårkurs).

Kursdatoar og stad hausten 2023

Kurset går over 8 tysdagar mellom kl. 18.00 - 20.00 slik: 

  • 3. oktober
  • 10. oktober
  • 17. oktober
  • 24. oktober
  • 31. oktober
  • 7. november
  • 14. november
  • 21. november

Stad: Salen på Aukratun.

Påmelding haustkurs 2023

Alle kan melde seg på, men vi har eit maks tal på deltakarar i gruppa. Vi ønskjer at begge foreldre deltek, men er dette ikkje mogleg kan ein av forledra melde seg på. I påmeldinga skriv du namnet til den/dei som skal delta. Det er bindande påmelding. 

Meld deg på foreldrekurs

Har du spørsmål om kursa?

Ta kontakt med Heidi Ilestad

Ta kontakt med Kristine Hoksnes

Erfaringar frå tidlegare kurs

Her er nokre sitata frå foreldre som har vært på kurs i 2021 og 2022.

"Vi synes det var veldig nyttig med mange "korte" kurskvelder, lærerikt å få tid til å prøve ut hjemme det vi hadde lært på kurskveldene. Viktig at det varer en periode for at en virkelig skal se nytten av og evt. virkningen av kurset."

"Etter å ha gått ferdig kurset så ser jeg nå barnas følelser og behov fra et mer utvidet perspektiv enn før, dette gjør at jeg kan møte dem på en enda mer helhetlig måte enn tidligere. Og det var spennende å lære mer om hvordan egne erfaringer og tanker kan ubevisst påvirke vår relasjon til barnet. Dette er det mest matnyttige kurset jeg har vært på. Tusen takk!"

"Dette var forebyggande psykisk helse både for foreldre og born."

"Kurset ga rom for/var mykje tufta på eigen refleksjon."

"At me foreldre må gå i oss sjølv."

"Ikkje berre står betre rusta til å skape trygg tilknytning no, men at borna mine skal bli trygge og psykisk/kjenslemessig påkobla ungdom og vaksne."

Meir om Trygghetssirkelen

Les meir om Trygghetssirkelen ved å følgje lenkene nedanfor.

Trygghetssirkelen si heimeside (engelsk)

Tilknytningspsykologene si heimeside

Sjå videoreportasjar frå foreldre som har gått kurset