Foreldrekurs for nybakte foreldre og foreldre med barnehagebarn våren 2023

Kurstilbodet for foreldre i Circle of Security (COS-P) startar opp igjen mars 2023. Kurset går denne gongen i regi av Aukra helsestasjon.

Om kurset

  • Kurset er gruppebasert og går over åtte gonger. Kvar kurssamling vil vare i ca. 1,5-2 timar.
  • Alle kan melde seg på -  helsestasjonen ønskjer at begge foreldre deltek, men dersom det ikkje er mogleg, kan ein av foreldre melde seg på.
  • For å få fullt utbytte av kurset forpliktar du deg til å møte opp alle åtte samlingane.

Kva kostar kurset?

Kurset er gratis. 

Kursdatoar våren 2023

Kurset går over åtte fredager mellom kl. 11.30 – 13.30 slik: 

  • 17. mars 
  • 24. mars
  • 31. mars
  • 14. april
  • 21. april
  • 28. april
  • 5. mai
  • 12. mai

Kurstad

Kurset vert halde på Aukra kulturhus, på «Brukje».

Påmelding kurs våren 2023

Vi har eit maks tal på deltakarar i gruppa. Alle kan melde seg på. Vi ønskjer at begge foreldre deltek, men er dette ikkje mogleg kan ein av foreldra melde seg på. I påmeldinga skriv du namnet til den/dei som skal delta. Det er bindande påmelding. 

Påmeldingsfrist er tysdag 14.mars 2023.

Meld deg på foreldrekurset per e-post

Har du spørsmål?

Har du spørsmål om kurset, kan du ta kontakt med helsesjukepleiarane Heidi Magerøy Hoksnes og Tonje Vikhagen.

Ta kontakt med Heidi

Ta kontakt med Tonje