Feil i fakturaer for kommunale gebyr

Det er ein feil i fakturaene for kommunale gebyr som vart sendt ut 6. mars. 

Meirverdiavgifta vart ved ein feil lagt på to gonger på fakturaene for kommunale gebyr som Aukra kommune har sendt ut 6. mars 2024. 

Du kan betale fakturaen slik som ho er. Beløpet du har betalt for mykje, får du godskreve på neste faktura. Dette gjeld både dei som har månadleg betaling og dei som betalar kvartalsvis. 

Ta kontakt med økonomiavdelinga vår dersom det vert for mykje å betale heile beløpet no.