Eining for innvandring og integrering treng fleire bustader i Julsundet

Kommunen treng fleire bustader for busetting av flyktningar. Har du noko ledig som du vil leige ut, ta gjerne kontakt med oss

Aukra kommune skal busette fleire flyktningar i nærmaste framtid og treng fleire bustader innan kort tid. Dersom du har ein bustad til utleige eller veit om ein ledig bustad, er det fint om du tek kontakt med einingsleiar for innvandring og integrering Aud Lisbeth Lillebostad. Eininga er hovudsakleg på utkikk etter bustader i Julsundet

Ta kontakt med Aud Lisbeth