Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Den 15. desember startar StikkUT! Vinter 2023

15. desember går startskotet for StikkUT! Vinter 2023, som med 349 turmål er større enn nokon gong. Når vinteren og kulda kjem krypande senkar mange tempoet. Friluftsråda håpar StikkUT! kan motivere fleire til å kome seg ut på tur på vinterstid.

I tillegg til 142 skiturar presenterer Friluftsråda heile 207 fotturar i årets sesong! Alle kommunane i Møre og Romsdal, samt Heim og Lesja/Bjorli er med og byr dermed på den største StikkUT! Vinter nokon gong. «Ta på varm klede, fyll sekken med varm drikke og godsaker og finn di vinterperle», er oppfordringa frå friluftsråda. 

– Med fleire tilgjengelege fotturar i tillegg til ski, så vil vi nå gjere eit forsøk på å aktivisere enda fleire i den tida på året då vi treng det mest, seier Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal som i januar tek over jobben som leiar for StikkUT! etter Marte Melbø. 

– Årets sommersesong viste oss at folk bruker StikkUT! som motivasjon til å kome seg ut på tur også når vêret ikkje er på sitt beste, så nå håpar vi at mange vil bruke det til å kome seg ut også i den kalde, mørke årstida, seier Hilde Ellingsæter som er prosjektleiar for StikkUT! i Sunnmøre Friluftsråd. 

Inviterer bedriftene med

Friluftsråda inviterer også bedriftene i fylket til å vere med å legge til rette for at enda fleire skal kome seg ut på tur aleine eller saman i vinterhalvåret. 

– StikkUT! sine tal viser at dei som deltek gjennom StikkUT! Bedrift i gjennomsnitt er dobbelt så aktiv som dei andre deltakarane. Å få bedriftene med og skape ein aktiv arbeidsplass bidrar til at mange er mykje meir ute og i bevegelse enn dei elles ville ha vore, seier Hilde Ellingsæter. 

– Om StikkUT! kan bidra til å auke aktivitetsnivået frå lågt til «litt aktivitet, ofte» for enda fleire av innbyggjarane våre, vil det bety mykje for helsa vår, skyt Liv Synnøve Hoel inn. 

Prøveprosjekt - Skiturmål utanfor preparerte løyper

StikkUT! Ski har eksistert sidan 2015 og gjennom heile vintersesongen vert det tråkka mange kilometer fantastiske skiløyper av frivillige, seier Stig Aambø i Møre og Romsdal skikrets, som er friluftsråda sin samarbeidspartnar for StikkUT! Ski. Denne sesongen har vi eit prøveprosjekt der vi tilbyr noken få skiturmål utanfor preparerte skiløyper som eignar seg godt for turski/fjellski. Turmåla kan vere godt brukte «søndagsturar», og setertufter eller høgdedrag som eignar seg godt for ein rast. Føremålet er å inspirere til ein annleis turoppleving eller forlenge turen ved å gå sine eigne spor.  

GPS-sporing av tråkkemaskiner

Nytt og gledeleg for alle skientusiastar er at StikkUT! Appen no har fått integrert løypestatus frå loyper.net slik at alle ser direkte i appen når skispora sist vart oppkøyrd. Det er StikkUT! sin hovudsponsor Sparebanken Møre som har mogleggjort denne løysinga for å legge til rette for at det skal vere enda lettare for fleire å kome seg på ut på skitur – kanskje også til stadar man ikkje før har besøkt.

Oversikt over alle sesongens turmål kan du finne på stikkut.no. Der finnes også info om StikkUT! Bedrift og korleis bedrifter kan legge til rette for ein meir aktiv arbeidsplass i vinterhalvåret.

Gå til stikkut.no

Turmål i Aukra

  • Aukra kyststi
  • Berghaugen
  • Gossen flyplass - ny
  • Hoksnesfyret - ny
  • Hundetjønna
  • Kleivhaugen
  • Ramshaugen - ny
  • Riksfjordremma