Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Deleliste på Aukra legekontor frå og med 1. juni 2022

Frå og med 1. juni 2022 vil fastlege Bjørn Otterlei dele liste med lege Ingvild Nerbø. Det betyr at pasientar som høyrer til denne lista vil få tilbod om konsultasjon hos ei av dei to legane som begge vil arbeide frå Aukra legekontor.

Kva er ei deleliste?

Meir informasjon om «deleliste» frå HELFO:

«Deleliste

Avtale om deleliste kan inngåast av legar over 60 år som ønskjer nedtrapping og overføring av praksis til annen lege.

Legane må arbeide i same legesenter. Det blir ikkje oppretta ny fastlegeavtale ved avtale om deleliste, og alle innbyggarane blir ståande på ei og same liste. Lista vil være registrert i namnet til fastlegen, og denne vil formelt sett være pasienten sin fastlege til han eller ho avsluttar sin fastlegeavtale.

Legen som inngår avtale om deleliste er ikkje å sjå på som vikar for fastlegen. Avtale om deleliste vil være å sjå på som ein forskotering av overdraging av fastlegeavtale. Begge legane kan derfor jobbe samtidig på delelista.»