Bustønad er styrka i ein periode - fleire kan motta bustønad og stønad til straum

Husbanken har auka inntektsgrensene og utsett søknadsfristen for bustønad til 1. april 2022.

Ny frist for å søkje bustønad for desember, januar og februar

Du kan søkje om bustønad for desember, januar og februar heilt fram til 1. april 2022. Søknadsfristen er utsett for å gje fleire mulegheit til å motta bustønad og straumstønad i månadar med høge straumprisar.

Ordinære søknadsfristar

  • Desember: 25. desember 2021
  • Januar: 31. januar 2022
  • Februar: 25. februar 2022

Korleis søkjer eg etter ordinær frist?

Skal du søkje bustønad etter ordinær søknadsfrist, må du søkje på papir. Du må bruke søknadsskjemaet for tidlegare månadar. Søknaden sender du til kommunen.

Kva er dei mellombelse endringane for bustønad?

Husbanken har gjort følgjande endringar som gjeld for søknadane desember 2021, januar 2022 og februar 2022:

  • Lågare eigenandel og høgare inntekstgrense
  • Reglane for formue er fjerna
  • Esktra stønad til straum for dei som mottek bustønad
  • Utsett søknadsfrist til 1. april 2022

Kan eg få bustønad?

Med bustønadskalkulatoren kan du sjekke om du kan få bustønad.

Gå til bustønadskalkulatoren