Busetting av flyktningar frå Ukraina

Informasjon om busetting i Aukra kommune

Busetting i Aukra

Aukra kommune har på førespurnad frå IMDi (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet), meldt inn at kommunen kan busette 53 flyktningar frå Ukraina. Sak om busetting av flyktningar frå Ukraina vert behandla i kommunestyret 17. mars 2022. Dette kjem i tillegg til tidlegare vedtak på 22 personar i 2022. I løpet av inneverande veke vil Aukra kommune motta ei oppmoding frå IMDi med tal på kor mange flyktningar frå Ukraina direktoratet ber kommunen om å busette. Det kan også bli aktuelt å busette flyktningar i midlertidige bustadar og på alternativ mottaksplassering. Ved busetting i midlertidige bustadar og alternativ mottaksplassering, kan flyktningar frå Ukraina bu hos private, familie eller nettverk medan dei ventar på at saka deira skal behandlast i UDI.

Integreringsarbeid i kommunen

Det er eit godt etablert tverrfagleg samarbeid i kommunen. Eining for innvandring og integrering, har saman med andre aktuelle einingar, førebudd seg på mottak av flyktningar frå Ukraina. Aukra kommune er klar til å busette på kort varsel. Det er viktig at dei som kjem til kommunen skal kome fort i gang med liva sine her, dei vaksne i introduksjonsprogrammet/jobb og barna i barnehage og skole.

Eining for innvandring og integrering har allereie ansvaret for innføringsklassen ved Gossen barne- og ungdomsskole. Dette er eit tilbod til nye elevar med flyktning/innvandrarbakgrunn. Her får dei nye elevane lære seg grunnleggjande norsk før dei startar i sine eigne klassetrinn. Aukra vaksenopplæring, som også er ei avdeling i Eining for innvandring og integrering, har kapasitet til å ta imot vaksne elevar på kort varsel.

For å sikre at flyktningane blir tatt imot på best mogleg måte, blir det i desse dagar oppretta eit tverrfagleg team som skal ivareta dei ulike behova denne gruppa kan ha. Dei som kjem til kommunen er menneske i krise, og dei kan ha behov for eit stort støtteapparat.

Bustader

Tilgangen til bustader er god, og per i dag har eininga nok bustader til å busette eit stort tal flyktningar. Dette kan endre seg, avhengig av kor mange flyktningar Aukra kommune blir bedt om å busette. Om du har ein ledig bustad du kan tenke deg å leie ut til denne gruppa, er det fint om du tek kontakt med oss. Det gjeld også om du kan tenke deg å ha ein flyktning buande heime hos deg i påvente av at vedkomande får saka si behandla i UDI.

Vil du bidra?

Friviljuge organisasjonar og andre som ønsker å bidra på ulike måtar, vil bli invitert til eit informasjonsmøte i nær framtid, når Aukra kommune har fått avklart situasjonen nærare med tanke på kor mange som kjem.

Eining for innvandring og integrering takkar alle som har kontakta oss med positive bidrag i denne ekstraordinære situasjonen.

Kontakt

Einingsleiar Aud Lisbeth Lillebostad

Programrådgjevar Ann-Marie Hopson

Programrådgjevar Jane Oterhals

Informasjon

Informasjon om krisen i Ukraina - UDI

Angrepet på Ukraina - spørsmål og svar - regjeringen.no

Flyktningar frå Ukraina - Behov for å auke busettingsplassar i kommunane - IMDI

Helsehjelp for asylsøkarar og flyktningar i Noreg