Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Aukra legekontor er stengt onsdag 26.04 og torsdag 27.04.

Pasientar som treng legehjelp desse to dagane må ringje legevakt 116 117 eller 113 ved behov for akutt hjelp.

I samband med omlegging til nytt journalsystem, blir Aukra legekontor stengt.

Det blir redusert kapasitet i dei første vekene etter omlegging, og det må rekne med ventetid på reseptar og svar på andre spørsmål. Vi ber om forståing for det.

Ny nettstad og endra rutine for bestilling

I samband med omlegginga vil vi få nye nettsider som etter planen skal vere aktivert i løpet av 25.04.23: Lenke til ny nettstad er Aukra Legesenter | Aukra Legekontor (pasientsky.no)

Rutinar ved bestilling blir endra. Vi kjem ikkje til å bruke helserespons lenger, men vi går over til Helsenorge.no. Telefonbestilling blir uendra.

Lenke til HelseNorge.no

Korleis laste ned appen til Helsenorge?

Helsenorge kan lastast ned som "app" både i App-store og GooglePlay. Denne tenesta blir aktivert i løpet av 26.04.2023.

Trykk på lenka for beskriving av korleis laste ned HelseNorge-appen.