Reingjering av hovudvassleidningar

Vi gjennomfører regelmessig reingjering av hovudvassleidninga i Aukra kommune. Reingjeringa skjer hovudsakleg om sommaren, men reingjering blir om naudsynt også gjennomført elles i året.  Spyling av vassleidningsnettet kan føre til dårlegare vasstrykk og vasskvalitet i spyleperioden.

Varsel om reinhald

Dei som bur i dei aktuelle områda som skal reingjerast, vil som hovudregel bli varsla i forkant gjennom Aukra kommune sitt telefonvarslingssystem.

Kvifor reinhald av vassleidninga?

Vi reingjer hovudvassleidningsnettet for å hindre gjengroing og for å sikre god vasskvalitet. Ved reingjering blir ventilar i vasskummane opna i periodar på 30 minutt, slik at det blir spylt ut store mengder vatn på kort tid. Vatnet i vassleidninga får då stor hastigheit og tek med seg slam som er avleira på innsida av røyrveggen. Det blir spylt til vatnet er klårt.

Kva gjer du under og etter reinhaldet?

Mens spylinga skjer, kan vasstrykket blir dårlegare og nokon abonnentar kan bli heilt utan vatn. Vi oppmodar om å ikkje nytte vassbrukande maskiner under spyling (vaskemaskin m.m.), samt å avgrense tapping frå vassleidningsnettet til eit minimum. Dersom du brukar vatn samtidig som spylinga skjer, kan du får grumsete vatn inn i huset.

Vatnet kan vere misfarga etter at arbeida er avslutta. Prøv då å tappe kaldtvatn, helst frå første tappestad etter hovudstoppekranen, og la vatnet renne inntil det blir klårt.

Kontakt

Torstein Andreas Engstad
Prosjektleiar
E-post
Mobil 48 88 41 77
Vakttelefon kommunalteknisk drift
Mobil 91 51 67 40

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30