Frosne røyrKaldt ver kan skape problem for huseigarar når vassleidninga frys. Her er nokon enkle tips for å unngå dette og litt om kva ein må gjere om leidninga allereie er frosen. Vassleidninga kjem vanlegvis inn i huset i kjellaren, pass difor på å lukke igjen kjellardører og vindauge når temperaturen ute synker. Dersom det er opningar, gliper eller liknande så dytt isolasjonsmateriale inn i desse. Når vatn frys aukar volumet med ca 10 %, og i lukkede røyrleidningar vil dette føre til skader på røyra. Har du ein uisolert kjellar kan det løne seg å sette ein varmeovn der vatnet er i dei kaldaste periodane. Det kan vere både vanskeleg og dyrt å tine opp frosne røyr, så det løner seg fort å vere føre var. Slik unngår du frostskadar Ved lengre fråver bør stoppekrana stengast. Frostveske i vasslåsar hindrer frostsprenging og fordamping (tomme vasslåsar fører til at kloakkgass kan sive inn i huset). Unngå at kald luft siger inn i rom med røyrleidningar. Slik tiner du eit frose røyr Skru av hovedstoppekrana. Bruk ein hårtørkar eller vifteomn. Ver merksam på brannfaren ved bruk av konsentrert varme. Eit anna alternativ er å knytte eit handkle rundt den frosne staden. Handkleet tilførast varmt vatn. Open eld er ikkje tillatte. Kjelde: SINTEF/Byggforsk Sist endra 24.03.2023 23.16