Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Brukar- og pårørandeundersøking 2020

Bakgrunn for undersøkinga

Pleie- og omsorg i Aukra kommune vil undersøkje korleis brukarar og deira pårørande opplever kvaliteten på helsetenester, og har derfor valt å gjennomføre ein brukar- og pårørandeundersøking. Den systematiske innsamlinga av brukarar og deira pårørande sine erfaringar skal avdekke kva område pleie og omsorg må arbeide meir med for å auke kvaliteten, og kva område ein har god kvalitet på helsetenesta.  

Mål for undersøkinga

Oppnå eit godt grunnlag for utvikling av tenesta, og gjere det mogleg å gjennomføre ei systematisk oppfølging av kvaliteten på tenesta over tid.  

Målgruppa

Denne rapporten kan nyttast av fleire grupper. Den skal være eit arbeidsverkty for pleie- og omsorg, og gje andre kommunar moglegheit til å dra nytte av våre erfaringar. Rapporten skal òg gje Kontrollutvalet innsyn i kor nøgd brukarar og deira pårørande er med tilboda i pleie- og omsorgstenesta.  

Gjennomføring

Alle brukarar som mottek tenester frå Pleie og omsorg har fått tilbod om å delta i brukarundersøkinga. Undersøkinga vert gjennomført som intervju over telefon eller personleg oppmøte. Pårørandeundersøkinga vert i hovudsak svart på ved at pårørande svarar på eit skjema som vert motteke på e-post. Nokre få pårørande og brukarar har svara ved å fylle ut papirskjema. Resultata frå undersøkingane vert brukt til å lage tiltaksplanar, og er eit grunnlag for oppfølging av tenesta sin kvalitet over tid. 

Brukar- og pårørandeundersøking i PLO 2020 (PDF, 355 kB) 

Oppsummering av undersøkinga (PDF, 159 kB)

Kontakt

Nina Kristin Tomren
Einingsleiar heimetenester og institusjonstenester
E-post
Mobil 90 60 26 21