UngdomsLOS

UngdomsLOS

Bakgrunnen for ungdomsLOS

LOS-prosjektet vart starta som eit utviklingsprosjekt i 15 kommunar over heile landet i 2011. Prosjektet blei initiert av Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet. Prosjektet var motivert ut frå dei store samfunnsmessige og individuelle konsekvensane vi ser av å ikkje fullføre vidaregåande skole. LOS-funksjonen er i dag utbreidd i fleire kommunar over heile landet.

Gjennom LOS-prosjektet skulle ungdommen få éin person å forhalda seg til som sørga for tett oppfølging, og som bidrog til at ungdommen klarte å nyttiggjere seg av tilbod som gis i skolen eller andre tenester.

UngdomsLOS i Aukra

UngdomsLOSen i Aukra skal bidra med å styrka det førebyggande arbeidet i ungdomsskolen og skal arbeide utadretta, vere lett tilgjengeleg og til stades på skolane. Ein ungdomsLOS skal mellom anna finne dei rette tiltaka som kan vere med å styrke trivsel og meistring. Å vere støttespelar og ein trygg relasjon er avgjerande for å finne dei gode løysingane i lag med ungdommen.

UngdomsLOSen vil samarbeide med skolen si leiing og med alle aktuelle tenester som rådgjevar/sosiallærar, ungdomsskole-team, skolehelsetenesta, barneverntenesta, SLT-koordinator, kulturtenesta, føresette, med fleire.

UngdomsLOSen i Aukra arbeider med ungdom på Julsundet skole og Gossen barne- og ungdomsskole som har utfordringar med skoletilknyting.

Det er to ungdomsLOSar i kommunen med til saman 100 % stilling.

Kva kan ungdomsLOSen hjelpe deg med?

  • Motivere og lose inn i aktivitetar på fritida som kan bidra til auka livskvalitet.
  • Motivere for behandlingstilbod og lose ungdommen inn viss dette er eit ønske frå ungdommen.
  • Vekking/køyring/henting til og frå skole (i ei avgrensa tidsperiode)
  • Vere med eleven på overgangen frå ungdomsskole til vidaregåande opplæring
  • Foreldrerettleiing. Dersom det er hensiktsmessig, kan rettleiinga gå føre seg i barnet/ungdommen sin heim.
  • Miljøarbeid og oppsøkande verksemd i heim og skule knytt til den einskilde ungdom.
  • Arbeide for å auke trivsel og meistring.
  • Koordinering av tverrfagleg samhandling rundt einskild ungdom knytt til heim, skule og fritid.
  • Arbeide for god integrering i samfunnet.

Kven kan ta kontakt?

Alle kan kontakte ungdomsLOSen, både privatpersonar, skolar, eller andre offentlege tilsette. UngdomsLOSen har kontor på kulturavdelinga i Aukra kommune, men er også å finne på Julsundet skole og Gossen barne- og ungdomsskole.

Kontaktinformasjon

For å avtale møte med ungdomsLOS kan du enten ringe eller sende SMS/e-post til:

Wenche Nesje  

Rita Rydheim

Kontakt

Rita Rydheim
SLT-koordinator
E-post
Mobil 48 21 67 55
Wenche Nesje
UngdomsLOS
E-post
Mobil 48 28 96 59

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra