LogopedKva tilbyr vi av logopedtenester? Logopeden gjev hjelp til førskolebarn og elevar frå 0-16 år med: Uttalevanskar Språkvanskar Taleflytvanskar (stamming og løpsk tale) Lese- og skrivevanskar (dysleksi) Logopeden kan hjelpe med å Rettleie foreldre eller personalet i barnehage og skole Gi barnet direkte trening på bakgrunn av logopedisk utgreiing Hjelpa kan barnet få i heimen, på skolen, i barnehagen eller hos logopeden. Kartleggje for ei eventuell vidare tilvising Barn som har ein eller fleire av vanskane ovanfor kan bli vist til logoped. Aukra kommune kan kjøpe logopedteneste frå Tøndergård skole i Molde i tillegg til at vi har ei 40% stilling logoped tilsett i kommunen. Dersom Tøndergård ikkje kan imøtekomme søknaden, og den kommunale logopedressursen ikkje kan hjelpe, kan ein i særskilte høve vise til privat logoped. Slik går du fram ved tilvising til logoped Foreldre/føresette, barnehage, skule eller behandlar kan vise barnet til logoped. Føresette må samtykkje i tilvisinga. Kontaktinformasjon: Skole Barnehage Pedagogisk rådgjevar PPT Sist endra 06.06.2023 00.41