SkoleskyssReglar for skoleskyss For å ha rett på skoleskyss må avstanden mellom heim og skole være over 2 km for 1. klassingar og over 4 km for 2. - 10. klassingar. I tillegg har følgjande elevar rett til gratis skoleskyss: Elevar i 2. klasse som bur meir enn to kilometer frå skolen får gratis skoleskyss om det frå før av går rutegåande transport eller skolebuss som passar med skolestart og slutt. Elevar i 1.-4. klasse, dersom dei ikkje har gang-/sykkelveg til skolen og det frå før av går skolebuss på strekinga. Elevar som bur på strekninga Hjertvikberget – Horremshaugen får gratis skoleskyss om det frå før av går rutegåande transport eller skolebuss som passar med skolestart og slutt. Elevar som bur på strekninga Hjertvikkrysset – og del av Tangevegen får gratis skoleskyss. Bur du nærare skolen enn avstanden over, kan du ha rett til skoleskyss dersom du: går i grunnskolen og har ein særskild farleg eller vanskeleg skoleveg er funksjonshemma, midlertidig skada eller sjuk Delt bustad - elevar under 18 år med 2 adresser Elevar som bur på to adresser med delt omsorg kan ha rett på skyss til begge bustadane. Det forutset at skolen har mottatt signert skjema "Stadfesting av delt bustad". (PDF, 182 kB) Slik søkjer du Søk om skoleskyss ved å fylle ut søknadsskjemaet Skjemaet vert sendt elektronisk til kommunen Har barnet delt bustad, må du i tillegg sende inn skjemaet "Stadfesting av delt bustad" til den aktuelle skolen (PDF, 182 kB) per post. Skjemaet sender du til Aukra kommune. Du kan søkje heile skoleåret Klage Om du ikkje er einig i vedtaket om skoleskyss, kan du klage på vedtaket. Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du til: Aukra kommune Nyjordvegen 12 6480 Aukra Eller du kan sende klaga på e-post til post@aukra.kommune.no Sist endra 11.07.2023 09.30