Starte på skolen
Barna startar vanlegvis i grunnskolen det kalenderåret dei fyller 6 år.
Alle som er registrert i folkeregisteret i Aukra kommune, vil i februar/mars same år som barnet skal starte i første klasse, få ein invitasjon til eit informasjonsmøte frå den skolen barnet høyrer til. På møtet vert det gjeve informasjon om innskriving og skolestart. Dersom du ikkje har motteke eit slikt brev, må du ta kontakt med skolen.
Ta kontakt med
Ny ved skolen
Flytter du til Aukra kommune, må du melde inn barnet ditt i skolen.
- Nærskole for øya: Gossen barne- og ungdomsskole
- Nærskole for fastlandsdelen: Julsundet skole
Meld inn barnet ditt