Permisjon frå skolenKor mange dagar kan du søke om? Du kan søkje om permisjon frå skolen i inntil 10 skoledagar - to veker. Det er rektor som avgjer om det er forsvarleg å innvilge permisjon. Når kan du få innvilga permisjon? Trussamfunn utanfor den norske kyrkje Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor den norske kyrkje har rett til permisjon på trussamfunnet sine heilagdagar. Ferie Det vil normalt ikkje verte innvilga permisjon til ferie. Det kan verte gjeven permisjon ved store familiehendingar, alvorleg sjukdom, dødsfall eller gravferder i nærmaste familie. Det kan også vere forhold rundt helse eller velferd i familien som medfører at skolen bør innvilge ein permisjonssøknad. Konkurransar, verv o.l. Det kan bli innvilga permisjon når eleven er teken ut til å delta i idrettsleg eller kulturell konkurranse/stemne på regionalt, nasjonalt eller internasjonalt nivå. Det skal normalt ikkje verte gjeven permisjon til treningssamlingar eller liknande. Skulekorps og foreiningar bør ikkje arrangere felles turar eller samlingar i den ordinære skoletida. Søknader om fri til å delta i arbeid der eleven er vald til politiske verv som for eksempel Aukra ungdomsråd eller tilsvarande, skal i så stor utstrekning som mogeleg møtest positivt. Prøver, vurderingar og informasjonsdagar Elevar får normalt ikkje innvilga permisjon i periodar med førebuing til, og gjennomføring av: Statlege kartleggingsprøver Nasjonale prøver Eksamen, munnleg og skriftleg Heildagsprøver Andre større vurderingssituasjonar (eks. større prøver, presentasjonar og framleggingar) Den fyrste veka av skuleåret - her blir det gitt viktig informasjon. Slik søkjer du Fyll ut søknadsskjemaet Skjemaet vert sendt elektronisk til kommunen Det er rektor ved skolen som behandlar søknaden. Rektor Gossen barne- og ungdomsskole: Heidi Falkhytten Rektor Julsundet skole: Terje Gundersen-Røvik Klage Slik klagar du på eit enkeltvedtak Dette vedtaket er eit enkeltvedtak som du kan klage på. Klagefristen er 3 veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Klagen sender du til: Aukra kommune Nyjordvegen 12 6480 Aukra Eller du kan sende klaga på e-post til post@aukra.kommune.no Regelverk Opplæringslova § 2-11 Sist endra 24.03.2023 23.15