Klipp hekken

I følgje vegloven § 43, er det eigar av avkøyrsel som er ansvarleg for at sikta alltid er tilfredsstillande. 

  • Ved at du passer på at gjerder, hekkar, busker og tre på din eigedom ikkje hindrar sikt, sørgjer du for at tragiske dødsulykker og alvorlege personskader kan unngåast.
  • Det er viktig å tenke på at busker og tre veks heile året. Skjering bør difor gjerast fleire gonger i året. Anbefalt tid for skjering er august/september og februar/mars.
  • Hekk, busker og trær må heller ikkje dekkje over gatenamn-/ trafikkskilt eller gatebelysning.
  • Ein viktig regel er at alle skal kunne sjå eit barn på trehjulssykkel frå alle retningar og kunne stoppe på ein tredjedel av avstanden mellom køyretyet og barnet.

Kva seier regelverket?

For hjørnetomter bør det vere sikt som tilfredstillar sikttrekantane som vist på teikninga under. Sikttrekantane målast 4 meter innover frå vegkant og 30 km langs veg med fartsgrense 30 km/t eller 50 meter ved fartsgrense 50 km/t. Innanfor desse trekantane bør det ikkje stå tett gjerde med høgde over 80 cm. Vegetasjon (gras og busker), gjerder eller anna som det kan leggje seg snø på, bør ikkje vere høgare enn 50 cm over vegen. Det er unntak for tre med tynn stamme og med lauvverk som er so høgt at det er muleg å sjå under.

 

 

 

 

 

Avkøyrsler frå eigedom og ut i veg, bør ikkje ha gjerde med høgde over 80 cm og vidare sørgje for at vegetasjon er høgst 50 cm over vegen i sikttrekantane, vist på teikninga under. Sikttrekanten målast 4 meter frå vegkant inn på eigedommen langs avkjørselen. Frå dette punktet bør du ha sikt 30/50 meter til kvar side av avkjørsla avhengig av fartsgrensa på staden. Dette gir deg god sikt til å sjå om det er klar veg. Det gir og andre trafikantar ein mulegheit til å sjå når nokon går eller køyrer ut frå din eigedom. For gang- og sykkelveg som munnar ut i køyreveg gjeld same krav som for avkjørsel.

 

 

 

 

 

Kva skjer om du ikkje klipper hekken din?

Dersom det er behov for skjering av busker og tre utanfor kommunal grunn, legg Aukra kommune eit varsel om skjering i postkassa til grunneigar. Dersom skjeringa ikkje er gjort innan 3 veker vil kommunen foreta maskinell skjering på grunneigars rekning.

Meld frå om hekkar og busker som kan forårsake trafikkfarlege situasjonar

Aukra kommune oppmodar publikum til å melde frå om hekkar og buskar som kan skape trafikkfarlege situasjonar langs dei kommunale vegane. Når det gjeld fylkeskommunale vegar oppmodar kommunen om at det blir varsla til Statens vegvesen eller til kommunen.

Kontakt

Torstein Andreas Engstad
Prosjektleiar
E-post
Mobil 48 88 41 77
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30