Adressering

Eit godt og logisk adressesystem gjer det lettare å finne fram for mellom anna utrykkingskøyretøy, posten, heimesjukepleia og andre viktige tenester.

Adressemynde

Kommunen er offisiell adressemynde og vedtek mellom anna namn på nye vegar og nye bustadfelt. Arbeidet blir gjort i samarbeid med kommunen sitt namneutval, samt med kartverket for å avklare skrivemåten på nye namn før politisk vedtak fattast.

Du som eigar kan kontakte kommunen om endringar på ei adresse. Moglegheitene for å få endra ei adresse er avgrensa. Det vil normalt berre skje dersom dei faktiske forholda har endra seg. For eksempel dersom vegsituasjonen rundt eigedomen din blir endra og du får innkøyrsel frå ei anna gate, så vil det vere naturleg å omadressere.

Offisielle adresser

Offisielle adresser vert tildelt bygningar som blir brukte til:

  • bustadføremål 
  • fritidsformål 
  • næringsverksemd 
  • offentleg verksemd

Når gir eller endrar vi adresser?

Vi gir eller endrar adresse for eksempel:

  • ved oppføring av nye bygg 
  • når tilkomstvegar skal endrast 
  • når det er vanskeleg å finne fram til ei adresse

Gebyr

Fastsetjing av adresse er gratis.

Ulike dokument

Kontakt

Hilde Jordal Myrset
Oppmåling
E-post
Mobil 47 63 16 02
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Opningstider
Kommunehuset:
Kvardagar mellom kl. 08.30 og 15.30