AdresseringEit godt og logisk adressesystem gjer det lettare å finne fram for mellom anna utrykkingskøyretøy, posten, heimesjukepleia og andre viktige tenester.AdressemyndeKommunen er offisiell adressemynde og vedtek mellom anna namn på nye vegar og nye bustadfelt. Arbeidet blir gjort i samarbeid med kommunen sitt namneutval, samt med kartverket for å avklare skrivemåten på nye namn før politisk vedtak fattast.Du som eigar kan kontakte kommunen om endringar på ei adresse. Moglegheitene for å få endra ei adresse er avgrensa. Det vil normalt berre skje dersom dei faktiske forholda har endra seg. For eksempel dersom vegsituasjonen rundt eigedomen din blir endra og du får innkøyrsel frå ei anna gate, så vil det vere naturleg å omadressere.Offisielle adresserOffisielle adresser vert tildelt bygningar som blir brukte til: bustadføremål fritidsformål næringsverksemd offentleg verksemdNår gir eller endrar vi adresser?Vi gir eller endrar adresse for eksempel: ved oppføring av nye bygg når tilkomstvegar skal endrast når det er vanskeleg å finne fram til ei adresseGebyrFastsetjing av adresse er gratis.Ulike dokumentAdressekart med gatenamn (PDF, 905 kB)Rodekart Gossen (PDF, 4 MB)Rodekart Julsundet (PDF, 3 MB)Rodeliste blank (PDF, 52 kB)Kart over Aukra kommune Publisert 19.10.2018 10.16 Sist endra 10.04.2025 13.41