Søk med hjelp frå fagfolk om du skal byggje eller rive

Skal du rive eller byggje eit bygg eller påbygg, må du søkje med hjelp frå fagfolk. Du kan verken søkje, byggje eller rive sjølv, med mindre du kan dokumentere at du er ein kvalifisert fagperson.

Kontakt fagfolk som kan søkje for deg

Din rolle i byggesaka vert då tiltakshavar. Det innebêr at du er eigar av tiltaket, men at fagfolk må fylle ut søknaden for deg. Prosjektering og utføring vert også overlatt til fagfolk som du må engasjere og inngå avtalar med. Føretakene må erklære ansvarsrett.

Føretaket får ansvarsrett i tiltaket når erklæringa er sendt til kommunen

Føretaket skal sende ei erklæring til kommunen om at det tek på seg det juridiske og offentlegrettslige ansvaret for byggesaka. Med erklæringa stadfester føretaket også at det har den nødvendige faglege kompetansen til å kunne utføre arbeidet på en forsvarleg måte. Erklæringa skal sendes til kommunen før arbeidet startar, men arbeidet kan starte umiddelbart etter at erklæringa er sendt. Når erklæringa er sendt, har føretaket teke på seg ansvarsretten.

Firma med sentral godkjenning

Hos Direktoratet for byggkvalitet kan du søke etter firma med sentral godkjenning.

Er du i tvil om du kan søke sjølv, kan du ta kontakt med Aukra kommune for hjelp og rettleiing.

Byggesaksforskriften § 12-2 (SAK10) om ansvarleg søkar sitt ansvar

Kontakt

Ingrid Ilestad
Saksbehandlar
E-post
Mobil 90 95 32 58
Aukra kommune
Post- og besøksadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
E-post
Telefon 71 17 15 00

Opningstider

Kommunehuset

Ekspedisjon: Kl. 10.00 til 14.00

Sentralbord: Kl. 9.00 til 14.30

Adresse

Aukra kommunehus

Nyjordvegen 12

6480 Aukra